Om oss
Total Data
Den første tida etter oppstart i år 2000 var vi rein nettbutikk med sal til store delar av landet. Vi var aktivt med i pristestar frå blant anna DinSide.no, og fekk gang på gang tittelen «Beste PC-Kjøp».
Total Data er totalleverandør av alle typar IT tenester. I januar 2023 åpnet vi ny og moderne butikk i Langebruvegen 2 i Førde. Målt i utval og areal vil vi vere den største rendyrkede databutikken i området. Vi lagerfører det meste av IT utstyr, og våre ansatte er personer som er genuint interessert i faget, og som har kunnskapen vi treng for å gi dei rette råd. Total Data leverer alle type løysingar, både for privat og bedrift. Vi har gode referansar på alle våre områder.
Total Data har eige verkstad der vi reparerer mobiltelefonar og anna IT utstyr. Vi samarbeider med Onitio Norge AS, og har teknikere som dagleg løyser oppdrag i heile gamle Sogn og Fjordane fylke.
Total Data har bygd opp sitt eige datasenter der vi drifter skyløsninger for våre kundar. Vi er partner med blant annet Dell og Microsoft, noko som sikrar våre kundar rett kompetanse og rett pris.
Vi er godkjent lærebedrift i IKT servicefaget, Dataelektronikerfaget, IT utviklerfaget og salgsfaget. Sidan oppstarten i 2000 har vi hatt over 20 lærlingar, og samtlige har bestått fagprøva på første forsøk.

Total Data jobber for at alle våre kunder skal vere 100% fornøyde.
I fleire år har vi samarbeid med Damsgård Digital As i Bergen. I 2021 kjøpte Damsgård Digital as seg inn i Total Data med 20% eigarskap. Dette styrker vårt samarbeid, der dei leverer Total Data sine tenester til sine kunder, og motsatt. Kompetansen blir også styrket for begge firma, og saman får vi nye bedrifter på kundelista kvar veke!